eBook, 211 pages
Norwegian, nynorsk language
Published Sept. 29, 2025 by Samlaget.
eBook, 211 pages
Norwegian, nynorsk language
Published Sept. 29, 2025 by Samlaget.
I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.
Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?
I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn …

I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga.
Doggerland er eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.